Tragedien i Molaupsfonna

Femti år sidan tragedien ved Hjørundfjorden

Snøkred frå Molaupsfonna på austsida av Hjørundfjorden tok i november 1971 livet av sju menn. Åtte menn vart tekne av skred då dei leitte etter det første offeret frå eit skred tidlegare på dagen. To av dei skredtekne overlevde etter 17-18 timar i snøen. Trageiden som råka lokalsamfunnet hardt, medverka til auka satsing på skredforsking i Noreg.

Tekst: Astor Furseth

På austsida langt ute i Hjørundfjorden på Sunnmøre, om lag rett overfor Ytre-Standal, ligg garden Molaupen. Namnet kan skrive seg hammaren Laupen. Gardstunet ligg 40 meter over fjorden, på ei lita flate der. I 1900 budde 16 menneske på Molaupen, men folketalet minka, og i 1955 var det slutt på fast busetnad her.

Molaupen og Molaupsfonna (foto: ukjent). Sjå også panoramabilete frå Regobs 23611 (registrert av E.A. Tvergrov).

Sjølve gardshusa er rimeleg trygge for skred. Men rett austafor går Molaupsfonna gjennom eit skar, og kjem høgt oppe frå. Høgste nuten der opp er Sunnavindsnipa på 1362 moh.

Det har skjedd mange skredulykker på denne fjordsida som strekkjer seg inn til fjordbotnen. Den mest nærgåande for Molaupen sin del, skjedde på slutten av 1870-åra. Då eit stort skred gjekk over Strandabøen, rett nord for Molaupen. Skredet som kom frå den ytste Strandabøfonna og grov eit djupt gjel, og tok mesteparten av markene, men husa stod att.

Molaupen ligg i skredterreng på austsida av Hjørundfjorden (kartutsnitt frå NVE Atlas, karttema KAST)

Skredutsett fjordlandskap

Det er velkjent at Hjørundfjord-området har vore råka av store snøskred-ulykker, blant anna Otola-ulykka i 1770 (Furseth, 2020), som er omtalt tidlegare på norskred.no. Det er også eit nyare skred, snøskredet på Rise i 1968 (Furseth, 2018). Dei store ulykkene nokre år før i fjella søranfor Hjørundfjorden, er heller ikkje langt unna. I januar og februar 1964 kom snøskred i samband med kraftutbygging, først i Litledalen, der tre omkom, så to veker seinare i Hjortedalen, der fire omkom.

Geitesanking

I 1971 budde det såleis ikkje lenger folk på Molaupen, men området var framleis til nytte. I mange år hadde gardbrukarane på Stavset og Ytre-Standal ført bukkane sine over fjorden for å halde dei unna geitene til paringstida kom. 

Dei fleste åra hadde det gått greitt å hente dei heim om hausten, men i 1971 vart der gåande att bukkar. Det vart både i oktober og november forsøkt å få ned dyra. Fleire hadde prøvd fånyttes. I førstninga av november la nokre karar igjen av stad for å få bukkane ned. Då var bukkane blitt observerte oppe på ei hylle langt oppe, nesten i høgste tindane. Men karane kom heim att utan å ha fått tak i dyra.

Uvêr og tidleg vinter

Hausten 1971 var reine uvêrshausten. Alt frå september av var det kraftig vind og mykje regn på Nordvestlandet. I oktober kom fleire stormar, full storm den 7. oktober og berre fire dagar etterpå tok stormen seg opp att, gjorde store skadar, særleg i Trøndelag. Det var ny storm den 22. oktober.

Men verst vart november.

Den 2. november kom ein ny sterk storm på Vestlandet med orkan på Kråkenes og Sula. Dette førte også til storflaum mange stader, særleg vart Høyanger råka. Ein ras tok kraftlinja mellom Fortun og Årdal.

Det kom nok ein storm 10. november, målt til sterk storm ved Stad. Også den 14. bles det kraftig, og det er truleg at det samla seg store snøskavlar i fjella.

Så kom den sterke stormen den 24. november. Denne råka store delar av Nordvestlandet. Det var dette uvêret som møtte folka som skulle opp i fjella ved Molaupen denne dagen.

Estimert nedbør, lufttemperatur og snødjup på 1000 moh ved Molaupen/Sunnavindsmipa basert på nærliggande nedbørs- og temperaturstasjonar og algoritmar som reknar om nedbør og temperatur til sannsynlege snømengder (kjelde: snødata på xgeo.no, frå snømodellen til NVE. Data er gjennomgått og tilrettelagt av Tore Humstad)
Vinddata frå Kråkenes fyr hausten 1971 (kjelde: seklima.met.no, data er gjennomgått og tilrettelagt av Tore Humstad)

Ulykkesdagen

Vêret og snøen hadde for lengst gjort tilhøva kritiske for bukkane ved Molaupen. Tysdag 23. november hadde folk sett bukkane oppe i enden av det djupaste gjelet av Molaupsfonna.

Neste dag var vêret lettskya.

Onsdag 24. november kl. 09:30

29-åringen Olav Standal og tre andre karar reiste rundt halv-ti på føremiddagen over fjorden. Ingen hadde snakka om fonnfare, utan ein av dei, som nemnde at han ikkje likte luftdraget. Den varsla stormen hadde ennå ikkje kome inn til Hjørundfjorden.

Dei hadde tenkt å gå oppover Molaupsnakken, men djupsnøen hindra dei. I gjelet der hadde det tidlegare gått eit snøskred, og dei vart einige om å prøve å gå på snøryggen. Snøen her var god å gå på, og dei kom seg fort opp dit bukkane stod. Ein av bukkane var død, men dei fire andre var i fin form. Ved hjelp av tau fekk dei med seg dei fire geitene ned på snøryggen. Snølaget var noko ujamnt, og Olav batt seg inn i eit tau og skulle gå først. Det var i eit gjel om låg om lag 400 moh.

Onsdag 24. november kl. 13:00: Det første skredet

Dei to første karane hadde ikkje gått mange metrane før dei såg eit snøskred kome fossande ut frå eit sidegjel. Skredet råka Olav og reiv han ned i snømassane. Dette skjedde berre på ein augneblink, og han hadde ikkje hatt sjanse til å kome seg unna. Olav vart likevel ikkje ført langt av garde fordi tauet rundt livet hans, hadde berre blitt stramt, ikkje meir. 

Dei andre sprang ned dit tauet forsvann ned i snøen og tok til å grave med hendene alt dei orka. Men skredsnøen var beinhard. No hadde vêret brått endra seg, det tok til å blåse kraftig. Dei kjende seg utrygge på fleire skred. Dei skjøna at dei måtte ha hjelp og utstyr til å grave med.

Ein av mennene sprang ned til det folketomme Molauptunet. Der fann han ei oljetrøye som han gjekk ut på tunet og vifta med, og håpte nokon med andre sida av fjorden ville sjå det.

Folket ved fjorden pla vanlegvis følgje med dei som var oppe i fjellsidene for å leite etter husdyra. Også denne dagen var det mange auge som følgde med på det som skjedde på Molaupsida. Ei av kvinnene som hadde både son og mann der borte, var den første som la merke til han som vifta med oljetrøya. Ho hadde også sett at karane vart borte oppe i skogkanten ved Molaupsnakkane, og ho meinte også å ha sett eit rok der oppe som kunne minne om eit snøskred.

Det vart ringt rundt i bygdene og organisert båt og folk. Også lensmannen vart kontakta, og han tok styringa.

No var det sterk sørvest vind, og det hadde også teke til med sludd og regn. Berre det å manøvrere ein båt til Molaupstøa, var vanskeleg nok.

Fleire karar vart frakta til Molaupen, og dei fekk opplyst om kva som var hendt. Ved gardstunet skar dei seg ore-stenger til å søkje med, dei tok også med spader og la i veg oppover fjellsida. Det var kome slikt snødrev at dei knapt visste om det var rennefok eller skredvind som møtte dei.

Det vart ettermiddag før dei kunne ta til å grave.

Dei arbeidde for harde livet, to og to, rundt tauet som forsvann ned i snøbreden. Dei grov djupt ned, og så fekk dei høyre nokre lydar nedanfrå. Plutseleg kom spaden ned på ei hand, og dei såg at det rykte i neven fleire gongar medan dei grov vekk snøen rundt hovudet. Dei skjøna at det var liv i Olav.

Då høyrde dei at det buldra over dei.

Onsdag kl. 17-17.30: Nytt skred

Så kom eit nytt snøskred over dei. Alle kasta seg rundt og prøvde å kome seg innunder fjellveggen, men hamna rett inn i snømassane. Åtte av leitemannskapet vart tekne av dette nye skredet. Eigentleg var det fleire skred som kom like etter kvarandre. Det hadde no blese opp til full storm. Med Olav var det såleis ni menneske i snømassane.

Men fleire karar frå Ørsta og Volda hadde vore undervegs til Molaupen, og ikkje lenge etter var nytt leitemannskap kome til staden. Dei prøvde også å ta med seg eit aggregat for å få lys opp i fjellet. Men vêret var ille, og i mørket og ròket vart det uråd å leite.

Leitearbeidet måtte delvis stansast.

Lensmannen hadde fått til ein redningssentral i ei stove i Strandabøgarden. Det var rekvirert meir redningsmannskap frå Ålesund, pluss fjellklatrarar. Lensmannen stod i radiokontakt både med dei som no hadde gått inn i det gamle huset som stod att på Molaupen, og redningskryssaren “Skomvær II” som hadde kome til. Frå redningskryssaren hadde ein samband vidare med leitemannskapa oppe i fjellet. Slik vart det formidla meldingar, men det å få stabilt radiosamband, viste seg vere vanskeleg.

Snøskred frå Molaupssåta i Hjørundfjorden 24.11.1971 der sju menn miste livet. Båten Skomvær II deltok i redningsaksjonen. Pila oppe i fjellet viser skredstaden. (Foto: Ukjent)

Onsdag kl. 24:00: Krevande natt

Tilhøva vart for vanskelege. Dei visste ikkje anna råd enn å vente. I bekmørket vart alt leitearbeid innstilt. Det var kaldt, og dei visste at tida rann ut for dei som låg nedgravne i snøen. Men samtidig spakna vinden, og dei kunne håpe på at vêret betra seg, og daggryet ville kome fort.

Torsdag kl. 02:30: Vêret lettar 
Utpå natta, i eitt-totida reiv det noko i skylaget, og vêret letna. Kring klokka tre låg ein båt klar ved kaia for å byte leitemannskap. Fem fjellklatrar kom til.

Etter å ha blitt tilkalla av lensmannen og etter ei lang ferd i bil og med ferje frå Molde og Åndalsnes, kunne dei ta seg oppover Molaupsnakken. Utpå natta var dei framme. Det var langt betre vêrtilhøve no, men det bles likevel nordvest kuling oppe i fjellet.

Trass mørket fann fjellklatrarane ei lagleg hylle å kome seg nedi gjelet og nær ulykkesstaden. Klokka halv tre på natta sette dei opp ei 40 meter lang line og sikra med boltar på skrå ned etter det steile fjellet. Slik vart det mogleg for dei andre å ta seg ned. Men så vart dei nøydde til å vente på dagslyset, slik at faren for nye ras kunne vurderast.

Torsdag kl. 08:15: Mirakuløse funn

Sikringsarbeidet vart fullført. Meir leitemannskap og ein lavinehund la i veg frå Molaupstunet rundt fem-tida om morgonen. Ny leiting kunne starte. Ei stor samling av hjelpekorpsfolk frå Ålesund, Ørsta og Volda forutan bygdefolk, kunne arbeide side om side. Det syntest ikkje kome fleire skred. I halv-ni tida vart det endeleg gjort funn. Dei fann ein av karane nede i snøen, og han var i live etter 17 timar i snøen. Han var eigentleg i bra form, og vart frakta ned til helikopteret, som no stod klart på Molauptunet. Derifrå vart han flogen til sjukehuset i Ålesund.

Ei stund etterpå vart ein ny kar funnen, også han levde, nokså medteken etter 18 timar i snøen, men etter forholda hadde han klart seg bra. Å finne folk i live etter så lang tid, var som eit mirakel. Og håpet steig om raskt å finne fleire, ettersom der var både stort gravemannskap og lavinehund til stades. Kunne Olav som vart teken først, og dei andre sakna faktisk ha klart seg?

Samstundes tok vêret atter til å bli dårlegare, og vêrvarslinga hadde meldt storm, og ein frykta at det var stormen som no kom, men han let heldigvis vente på seg.

«På kirkedager går folk forbi bautasteiner og leser navnene på de som er omkommet. På en av disse steinene står navnene på syv av mine kamerater. Et under er det at det ikke står to navn til. Vi kjempet med seks av dem for for å redde den syvende. Og det er en kamp mot døden jeg vil fortelle her», skreiv overlevande Jan Storeide i boka «Den lengste natten» (1978).

Torsdag kl. 10:00-10:30: Ny nedtur

Så vart det ikkje gjort fleire gledelege funn. Dei to neste som var funne og grave fram, var døde. Det var leita på spreng i den hardpakka snøbarden etter dei andre. Det var kome godt med folk til stades, slik at leitemannskapet kunne få avløysing. Det lykkast snart å grave fram ein mann til, men også han var død.

Torsdag kl 12:30-16:00: Sju døde

Klokka halv eitt vart det funne to døde til. Enno var to sakna, og dei måtte ligge ein stad i snømassane. Fire nye fjellklatrarar kom til, henta med sjøfly frå Åndalsnes og Ålesund. Tida syntest å renne ut, og i tretida tok det synleg til å mørkne att.

Men rett før skyminga kom, kl. 15:35, vart dei to siste funne djupt nede i snøen.

No var i alt sju døde. Dei vart frakta ned til fjorden og tekne om bord i Skomvær II og førde til bedehuset på Sæbø.

Dette var menn i alderen 29 til 64 år. Fire av dei var gifte og hadde barn. Sju av barna deira var under 20 år. Lokalsamfunnet Standal var hardast råka.

24. november 1971 losna snøskred frå Molaupssåta i Hjørundfjorden. Sju menn miste livet. To til var tekne, men overlevde etter fleire timar i snømassane. (Foto: Sunnmørsposten)
Sjå klipp frå Dagsrevyen 25.11.1971.

Eit lokalsalsamfunn i sorg

Gravferda 1. desember i Hjørundfjord kyrkje på Sæbø samla over tusen menneske. 

Hendinga vekte stor merksemd frå alle media. Dette var ei lokal tragedie med omfattande nasjonal dekning. Journalistar og fotografer strøymde til. Ingen av dei sørgande var van med å få pressefolk nært inn på seg. Under jordpåkastinga balanserte fotografar på kyrkjegardsmuren for å få rette vinkelen til ”årets bilete”. Dette vart opplevd som påtrengande for pårørande, og sette merke i fleire. 

Molaupsulykka vekte stor nasjonal merksemd, på godt og vondt. NRK sitt program «Vindu mot vår tid» dokumenterte gravferda (00:00 – 01:50). Programmet viser også korleis ein seinare har forska på snøskred for å unngå liknande tragedier.
Faksimile frå Arbeiderbladet 28. november 1971 s. 3. (finn avisa på Nasjonalbiblioteket, nb.no). Sju menn omkom. Sanking av geitebukkar var eigentleg grunnen til at folk drog opp i det skredfarlege fjellet. Dei fleste bukkane strauk med, men ein bukk overlevde.

Men mediemerksemda hadde også positive sider. Det var starta ein nasjonal innsamlingsaksjon. Og Molaupen-ulykka vart ein vekkjar til utviklinga av ei langt meir profesjonell alpin redningsteneste, med samkøyrt hjelpemannskap og tilgang til redningshelikopter.

I etterkant av ulykka bad lensmannen om at Justisdepartement måtte sjå på bruken av helikopter i redningsarbeid. Det er mykje som tyder på at hjelpa ville ha kome i gang lenge før, dersom dei hadde hatt eigna helikopter til disposisjon. 

Kong Olav V heidra i nyttårstalen 1971 dei som vart råka av skredet i Molaupen (sjå 04:10-05:00)

Snøskredforsking

Mellom 1968 og 1971 skjedde det fire store snøskredulykker i Noreg:

I Bondalen i Ørsta, vart gardane på Risetunet råka av ei stort snøskred 19. februar 1968. Tre menneske omkom, og fire gardsbruk vart tekne.

I Skårdalen ved Oppdal omkom sju skiløparar på tur 8. mars 1969.

Ved anleggsarbeida på vestsida av Folgefonna omkom sju personar då ei brakke i Rednedalen i Mauranger vart råka 9. januar 1970.

Så kom Molaupen-ulykka som den fjerde i løpet av tre år.

Det var lenge sidan det vart reist krav i Stortinget om løyvingar til støtte ved skred- og andre naturskadar. På 1950-tallet vart det løyvt kr 500 000 årleg gjennom Fonnvernutvalget, og i 1963 vart «Utvalget for snøforsking» etablert. Men systematisk forsking eller arbeid med sikring mot skred- og skredfare, var likevel ikkje etablert. Organiseringa av skredførebyggande arbeid i Noreg var mangelfull. Samanlikna med andre fjelland i Europa, kom Noreg eigentleg ubegripeleg dårleg ut. 

Det er tydleg at særleg snøskredet på Rise tre år tidlegare sette meir fokus på dette arbeidet, men først med Molaupen-ulykka, 12 km unna Rise, kom for alvor fortgang i utviklinga av fagleg ekspertise for vurdering av risiko knytt til snøskredfare.

Dette vart teke opp i spørjetimen i Stortinget berre ei veke etter ulykka, den 1. desember 1971. Industriministeren lova å sette ned ei gruppe som skulle greie ut om ei statleg finansiert snøskredteneste.

Av og til kan byråkratiet arbeide fort, noko som skjedde i dette tilfellet. Resultatet vart at Norges Geotekniske Institutt (NGI) hausten etter fekk eit nasjonalt ansvar for snøskredforsking (med varsling av skredfare av Meteorologisk institutt). I 1972 fekk Karstein Lied jobben med å bygge opp og leie den nye snøskredavdelinga på NGI.

I dag er snøskredforskinga ved NGI inkludert i fagområdet Naturfare. Til saman arbeider minst 45 personar innanfor desse fagfelta på NGI. Forsking har gitt større kunnskap om utløysing og rekkevidde av snøskred, detaljert lokal snøskredvarsling, og rett type og dimensjonering av sikringstiltak basert blant anna på måleseriar frå NGIs forsøksfelt på Strynefjellet.

Kjelder:

Furseth, Astor: Snøskredet på Rise 19. februar 1968, publ, 2018 av norskred.no

Furseth, Astor: Skredulykker i Norge. Tun Forlag 2006 s. 124.

Lied, Karstein: Etablering av snøskredforskning i Norge, publ, 2018 av norskred.no

Stortingsmelding nr. 9. /1972-73). Organisering av snøforskning m.v. i Norge.

Strømme, Lars og Ragnar Standal, Hjørundfjordsoga, bind 3: 1988 s. 22-26.

Sunnmørsposten 25.11.1971.

Sunnmørsposten 26.11.1971. 

Tvergrov, Eli Anne: Molaupsulykka 1971, i Hjørundfjordportalen 2021.

Meir lesing:

«Skulle berge fem geitebukkar – sju menneske omkom» – Møre-Nytt 20.11.2021 (+)

«17 timar under snøen og livslang sorg» – Sunnmørsposten 19.11.2021 (+)

Bok: «Den lengste natten» (109 sider) – av Jan og Karl Storeide (1978):

Bok: «Farlige fjell» – (s. 71-84) – av Arthur Klæboe (1981)

Bok: Den farlege naturen» (s. 17-25) – av Arvid Møller (1986)

NRK: Hjørundfjorden – fager fjord mellom farlege fjell (03:51 -08:25), 1994