Brudeferd i Hjørundfjord – 250 år sidan Otola-ulykka

Tragedien under Otola i Hjørundfjorden, er den tredje største snøskredulykka i norsk historie og den verste som nokon gong har skjedd til sjøs. Eit brudefølgje i tre båtar vart råka, og 27 unge menneske mista livet. Denne vinteren er det 250 år sidan dette skjedde.

Tekst: Astor Furseth

Hjørundfjordfolket – alltid trua av skred

Området under Hjørundfjord prestegjeld blir gjerne i dag presentert som ein magnet for dei som verkeleg vil oppleve vill natur. Sunnmørsalpane reiser seg 1600 – 1700 meter til vers frå fjorden, med toppar som Slogen, Skårasalen og Saksa.

Slik natur er som ein resept på skredhendingar, og Hjørundfjord er ein av dei meste skredfarlege stadene i Noreg. Det er ikkje vanskeleg å finne denne kampen mot naturkreftene nedteikna allereie i dei eldste kjeldene, som t.d. for garden Furnes i 1627: «Snefund haver taget hus och folch bort”.
 

I Hjørundfjord har det skjedd minst 55 snøskred-ulykker og over 140 dødsfall. Nettopp her har gått fleire av dei verste snøskreda i noregshistoria. Forutan Otola-ulykka, kan nemnast snøskreda på Valset (27 døde) og Skylstad (minst 28 døde) i 1679, og i nyare tid Molaupen i 1971 med 7 døde. Det er dessutan registrert ca. 35 stein- og jordskredulykker med i alt 11 døde.

Otolhornet med skredfaret Otola. Foto: Astor Furseth.

Fjorden som kyrkjeveg

Inste delen av Hjørundfjorden er kalla Storfjorden. Det var langs Storfjorden folk rodde for å kome til Sæbøkyrkja, etter 2-3 timar med spreke karar ved årene. Folk måtte til kyrkje til preike, gravferd, bryllaup og barnedåp. I Kongelova av 1665 vart det innført både dåps- og nattverdsplikt, og i 1735 rett og slett obligatorisk krav til kyrkjegang. Så det er ikkje tvil om at denne strekninga var noko folket hadde stor kunnskap om og visste å takle.

Hans Strøm skriv i Fogderiet Sundmør (1762): «En anden uleilighed foraarsages af Bjergenes steilhed, som giver anledning til idlelige snee- og steenskreder … og giør fiorden da saa usikker for de seilende, at de ei tør følge noen af strand-siderne, men maa holde sig midtstrøms, alt for at undgaae farligheded af de steene, som skredene i nedløbet skyde fra sig, ofte langt hen paa fiorden.»

Otola

Knoklet, knudret og forrevet
Truende den mod os glaner,-
Dragen lig med hundred øine
Og en mand til maal i døgne,

 Kristofer Randers om Otola i diktet: Hjørundfjorden

På vestsida av Storfjorden, der fjorden bøyer av ved Skarvhammaren, ris opp Otolhornet (1312 moh). Her er to store skredfar, på sørsida går Nessetgjølet og på nordsida Otola. Rett utanfor er det tre stygge fonnefar til: Sannfonna, Alldysja og Hettå. Det står redsle frå dette området.

Her har det vore mange nestenulykker, også fatale, både før og etter Otola-ulykka. I 1728 vart ein båt frå Viddal teken av snøskred frå Otola, og to personar miste livet. Det finst også ei segn om eit skred i 1760. Drengen på Sellereite omkom her i januar 1827. I 1830 kom eit stort snøskred frå fonna Hettå, og to mann omkom.

Bryllaup i Skjåstaddalen

Det var planlagt bryllaup i Skjåstaddalen 1. januar 1770. Peder Rørstad, 21 år, skulle ta over garden og ville føre slekta videre med giftarmål med 26 år gamle Siri Skjåstad. På nyttårsdags morgon drog eit stort følgje i tre båtar frå Bjørkevika til vigsle i Sæbø-kyrkja.

Måleriet av Carl Nielsen (1897), som heng i Hjørundfjordheimen på Sæbø, viser fjorden med Slogen i bakgrunnen. I forgrunnen er støa der kyrkjebåtane la til. (Foto: Martin Furseth)


 
Det ligg ikkje føre lokale kjelder om korleis veret var – men ikkje langt unna, på ein gard i Austefjorden, omkom gardkona 29. desember: «Forulykket af skredelv». Ho vart teken av vassdemme etter at snøskred hadde gått oppe i elva. Akkurat samstundes skjedde noko liknande i Stangvik i Surnadal, der ein mann omkom ved saga ved eit sørpeskred. Så det var kanskje eit milddrag i lufta, men utan tvil var det tørrsnø i høgda.

Å møtast på kyrkjebakken var eit høgdepunkt i tilværet, attpåtil var dette bryllaupsferd, så denne dagen gav dei seg god tid. Det blir fortalt at kyrkjefolket frå Viddal var farne av stad lenge før brudefølget frå Bjørke gjekk i båtane til heimturen.
 

I mellomtida hadde følgjet auka med tre. I ettertid veit vi at dette var tragisk, men for dei det gjaldt var dette sjølvsagt rekna for ein fin sjanse til skyss. To jenter på 9 og 11 år frå Hustad spurde seg til båtplass, og i tillegg kom med den 21-årige sonen til klokkaren. I brudefølgjet vart det såleis 32 personar fordelte på tre båtar.

Heimturen

Vi veit ikkje kva for tankar dei gjorde seg då dei valde leia. Alle ønskte snarast råd å kome seg inn til gjestebodet på Raudstad. I ro-avstand mellom Sæbø og Bjørke er det knapt 15 kilometer dersom ein held seg midtfjords på god avstand frå fjellsidene. Men ved å runde tett innpå Skarvhammaren sparte dei ein halv kilometer. Det ser ut til at båtane heldt ein kurs nær land på vestsida ved Otola. Og medan dei passerte losna det oppe i Otolhornet.

Det var truleg eit tørrsnøskred (eller ‘mjellfonn‘) frå stor høgde med stor fart. Dei kunne ikkje fått tid til å reagere før lufttrykket råka båtsidene, kasta dei rundt fleire gonger og knuste båtborda til pinneved. Så skaut snømassane fram som ein frodande foss, og kort tid etterpå kom flodbølgene.

I grenda Viddal rett overfor Otola var det ingen som merka sjølve skredet, men ei kvinne som var ut for å hente ved, fortalte dei hine at ho høyrde måseskrik ute på fjorden. Dei andre gjekk så ut og lytta ut i skyminga. Ein gammal mann sa: ”Måseskrik? Gud beire oss for eit måseskrik!» Og dei frykta straks ei ulykke og flota båtane –  tenkte på brudefølgjet som var venta å passere på denne tida.

Frå Viddal hadde dei godt utsyn til Otolhornet, med skredfara Otola til høgre og Nessetgjølet til venstre. Foto frå 1960-åra.

Otola tok dei

Dei møtte vrakrestar drivande i sjøen, og fann snart fem personar (mest truleg kvinner) som klamra seg til flytande gjenstandar, alle ille medfarne, men i live.

Dei rodde omkring og leitte mellom tiljer, knuste båtbord, matbommer og klesplagg, samtidig skotta dei opp i fonnefaret, frykta nye skred. Dei fann ikkje fleire overlevande, men drog opp seks døde kvinner. Det vart funne to døde til. I kyrkjeboka førte prost Nerem inn: «som var 2de mandsPersoner som av Bunden blev opsogned.»

Dét kan ikkje tolkast til noko anna enn det det vart gjort sokning med dregg og krokar, helst dagen etter – såleis vart i alt åtte døde funne att, medan 14 menn og 5 kvinner var borte for godt.

Viddalingane stemna inn mot Bjørke med dei fem overlevande, dei omkomne som var funne att og med den forferdelege ulykkesbodskapen. Dei døde vart lagde på lemmer i eit naust på Bjørke. Dette var uhyggeleg nok, men vart ekstra fælsleg for bygdefolket: det er fortalt at då folk kom ned att neste dag, vart det oppdaga at ei av dei «døde» hadde drege av seg sokken og snudd seg, før ho så hadde frose i hel av nattekulden.

Lassegardsnaustet på Bjørke, den dag i dag det same som den gongen dei la inn dei døde her. Foto: Astor Furseth.
Båtnausta i fjøra på Bjørke. Lassegardsnaustet er midt i biletet.

Ein ufatteleg katastrofe

27 menneskeliv er eit stort ulykkestal i nasjonal målestokk, og Otola-ulykka er (saman med Valsetskredet i 1679) den tredje største snøskredulykka i Norge. Tragedien vart forsterka ved at dette var unge folk. Gjennomsnittsalderen er 26 år. Dessutan råka det særs lokalt, dei fleste som kom bort var frå så å seie grannegardar. Otola-ulykka sette djupe spor. Det er blitt spunne mange historier og laga dikt om hendinga, og minnet er også heidra ved at dei 16 mannsnamna og 11 kvinnenamna er støypte i kopar på ein bautastein reist 17. mai 1971 ved kyrkja på Bjørke (som vart bygd seinare, i 1920).

Utruleg nok er ulykka omtalt i to aviser dette året 1770(!). Det er den fem år gamle Bergens Adressecontoirs Efterretninger og den nyskipa Trondiems Adresse-Contoirs Eft. Trondiems Adresse-Contoirs Eft.

Etterord: Denne artikkelen er skrive av skredhistorikar Astor Furseth. Teksten er basert på ein artikkel i Hjørundfjord sogelag si årbok – omarbeidd for norskred.no av Astor sjølv. Vi takkar Astor for nok eit bidrag til lære av historia. Styret


Kjelder:

Bergens Adressecontoirs Efterretninger 19.3. 1770 s. 1.
Kjell Inge Bjørke: «Om dei som kom bort i Otolaulykka nyårsdag 1770». Upublisert notat.
Simeon M. Ekornes: Ei hjørundfjordætt, Trondheim 1972.
Skredulykker i Norge: Astor Furseth, Tun Forlag 2006 s. 97.
Amund Helland: Norges Land & Folk, bind 15 D. 1, Kristiania 1911 s. 189.
Hans Strøm: Søndmørs fogderie, bind 2, 1762-66 s. 212-214
Hjørundfjordsoga, bind 1: Ivar Grøvik, 1975 s. 428-430.
Hjørundfjordsoga, bind 3: Lars Strømme og Ragnar Standal, 1988.
Kyrkjeboka for Hjørundfjord 1765-1818 s. 273.
TidsRegister: Rasmus J. Vassbotn, Volda bygdeboknemnd 1980 s. 52.
Trondiems Adresse-Contoirs Eft. 23.2. 1770 s. 3.