Risikostyring i den norske skredredningstenesta

I Noreg har ingen redningsmannskap omkome eller vorte skadde i innsats etter skredulykker sidan den tragiske ulykka ved Molaupen i Hjørundfjorden i 1971. Albert Lunde, som nyleg la fram si doktoravhandling ved Universitetet i Stavanger, peiker likevel på at redningstenesta har vesentlege utfordringar med å gjennomføre trygge og effektive redningsaksjonar, særleg etter snøskred som rammar vegnettet.

Tekst: Albert Lunde (PhD), desember 2019

Denne studien viser at redningsmannskap var farleg eksponert i moglege utløpsområder for nye snøskred i omlag ein fjerdedel av alle hendingar. I halvparten av alle skredaksjonane rykka mannskapa ut til skred utan skredofre. I studien har ein omtala dette som overengasjement.

Det er nødvendig å arbeide meir med danning av felles risikoforståing mellom dei som deltek i slike redningsaksjonar, for å unngå at ein i iveren etter å redda nokon, fattar unyttige avgjerder for dei som er sakna og som endåtil kan vere farlege for redningsfolka.

PhD thesis (English): «Risk management in Norwegian avalanche rescue operations. Managing uncertainty, complexity, overcommitment and the long-term monitoring of accident risk» by Albert Lunde (2019)

Redningstenesta må sjeldan søke etter skredofre, ettersom 75 % av alle skredtatte i perioden 2010-2017 vart lokalisert og gravne fram av kameratar før redningstenesta kom fram til ulykkesstaden. Halvparten av alle 568 registrerte snøskredofre i perioden 1996-2017 fekk meir eller mindre alvorlege skadar, og 120 omkom. Dette inneber at snøskred må oppfattast som medisinske naudsituasjonar som krev rask framføring av prehospitalt personell. Unødvendig venting på tradisjonelle søkeressursar kan føre til at skredofre ikkje får rett medisinsk behandling til rett tid, på rett stad.

Faksimile fra VG, 15, mars 2010.

Farleg eksponering av redningsmannskap i skredutsett terreng kan knytast til svikt i varslings- og kontrollaktivitetar, manglande opplæring på ulike nivå i redningstenesta og over- engasjement.

Forskingsresultata kan nyttast i evaluering av redningstenesta sitt handlingsmønster ved skredulykker. Resultata oppmodar til diskusjonar omkring risikoaksept, handlingsmønster og overengasjement i redningstenesta.

Sjå også (further reading):

PhD:

Risk management in Norwegian avalanche rescue operations. Managing uncertainty, complexity, overcommitment and the long-term monitoring of accident risk by Albert Lunde, University of Stavanger, 2019 (PhD thesis UiS, no. 486). https://uis.brage.unit.no/uis-xmlui/handle/11250/2633147)

Papers:

Lunde, A., Tellefsen, C. (2019): Patient and rescuer safety: recommendations for dispatch and prioritization of rescue resources based on a retrospective study of Norwegian avalanche incidents 1996–2017. Scandinavian Journal of Trauma, Resuscitation and Emergency Medicine (2019) 27 (1), 5. https://doi.org/10.1186/s13049-019-0585-7

Lunde, A., Njå, O. (2019): Rescue performance in Norwegian road related avalanche incidents. Cold Regions Science and Technology, Volume 165, September 2019, 102774.  https://doi.org/10.1016/j.coldregions.2019.04.011

Lunde, A., Braut, G. S. (2019): The Concept of Overconmittment in Rescue Operations: The Concept of Overcommitment in Rescue Operations: Some Theoretical Aspects Based on Empirical Data. Air Medical Journal, Article in press. https://doi.org/10.1016/j.amj.2019.05.008

Lunde, A., Braut, G. S. (2019): Overcommitment: Management in Helicopter Emergency Medical Services in Norway. Air Medical Journal, 38 May-June 2019 (3) 168-173. https://doi.org/10.1016/j.amj.2019.03.003

Lunde A., Njå, O. (2019): A system thinking approach to safety in Norwegian avalanche rescue operations. Submitted to Safety Science on July 15, 2019.