40 år sidan Engesetfonna

Engesetfonna i Ørsta, som gjekk 10. februar 1979, blir ofte rekna for å vere størst blant dei dokumenterte snøskreda i Norge. Skredet lausna frå sørsida av Saudehornet (1303 moh), og brotkanten spreidde seg langt ut mot Vallahornet (830 moh) og Kyrkjetinden (1070 moh). Massane skaut fart nedover dalen og kanaliserte seg i elveløpet Skytjeåna. Fleire hus på Engeset (75 moh) vart trufne. Tre menneske omkom i den tragiske ulukka. Fleire hundre deltok i søket etter dei som var sakna.

Slik ser Engesetfonna ut 6. februar 2021, 42 er etter skredet og to er etter at artikkelen vart publisert. Skredet lausna mellom Kyrkjetinden, Saudehornet og Vallahornet til høgre for midten av bildet, og følgde elveløpet Skytjeåna heilt ned til husa (foto: Oddbjørg Lid)

Tekst: Tore Humstad. Foto: Jostein O. Mo

Engesetfonna var eitt av fleire skred som gjekk i Ørsta i løpet av døgnet mellom fredag 9. og laurdag 10. februar. Ein brøytebilsjøfør vart teken av skred ved Skarbøneset mens han brøyta vegen langs Hjørundfjorden fredagen. Skredet førte han ut i fjorden, og han vart aldri funnen att. Bilen vart funnen på 20 m djup. Ein dykkar som leitte etter sjåføren omkom også i søket.

På laurdagen kom det altså nye skred. Om natta vart ei tråkkemaskin med to mann om bord tatt av ei snøskred på Bondalseidet. Ein mann kom seg laus og fekk varsla. Den andre vart heilt dekt av skredmassane, men han vart seinare redda fram av brannvesenet. Mens brannvesenet var på Bondalseidet, og det enda var mørkt, fekk dei melding om eit nytt skred på mot husa på Engeset ved Ørsta sentrum.

Då brannvesenet kom fram til Engeset, hadde det så vidt byrja å lysne. Synet som møtte dei var ille. 

Sunnmørsposten måndagen etter skreda fordel om skredherjingar i heile landsdelen (faksimile: smp.no 8.2.2019)

Det største skredet

Svake lag

I følge kjelder hadde det danna seg eit hardt skarelag i snøoverflata på store delar av Sunnmøre i januar 1979, truleg etter eit kortvarig mildvêrsinnslag. Etter langvarig kulde seinare i januar, kan det ha utvikla seg svake lag av kantkorn (rennsnø) nede i snødekket, td. under eitt eller fleire skarelag. Klare netter med utstråling i dagane før det siste snøfallet kunne også ført til overflaterim. Begge desse kan utgjere vedvarande svake lag.

Stort snøfall

Den første veka i februar 1979, kom det over ein meter nysnø. Fleire huseigarar i Ørsta hadde vore oppe på taka sine for å fjerne den tunge snøen.Klokka 07:45 laurdag 10. februar gjekk skredet. Det vil seie, ein reknar med at det var minst to flak som lausna omtrent samtidig. Dette gjorde skredet større enn det elles ville vorte.

Bilde av brotkanten under Saudehornet tatt dagen etter skredet (foto: Jostein O. Mo)

Stor brotkant

Brotkanten var til saman 1 km lang og opp mot 2,5 m høg. Skredmassane vart kanalisert nedover elveløpet Skytjeåna. Til saman rekna ein seg fram til at om 500 000 m3 raste ut. Dette er fem gongar meir ein terskelen som blir brukt av EAWS til å definere ‘ekstremt store’ skred (storleik 5). Skredavsetjingane vart liggande i fleire månader etter skredet. 

Brotkanten kartlagt så langt det lar seg gjere på bildene (foto: Jostein O. Mo)

Store skadar

Vi har fått låne bilete frå fotograf Jostein O. Mo som var på staden. Desse vart første gong publisert av Møre-Nytt i samband med 40-årsmarkeringa av den tragiske hendinga (sjå linkar nedanfor). Til Møre-Nytt fortel Mo at han først høyrde om ulukka på radio. Han var då på ei anna adresse i bygda, men reiste straks opp for å hjelpe til i søket. Han fekk tatt nokre bilde både på ulukkesdagen, dagen etter og to månader etter.

Skredet kanaliserte seg i Skytjeåna og hadde utløpssone inne i byggefeltet på Engeset (foto: Jostein O. Mo)
Store skader (foto: Jostein O. Mo)
Store skadar (foto: Jostein O. Mo)

Skredet råka busetnaden på Engeset i Ørsta med ei bredde på vel 150 m. To hus vart øydelagt og fem andre fekk store skadar.

Mange ville hjelpe

Dei mange hundre som kom til staden for å hjelpe til med å søke etter sakna naboar og sambygdingar, fekk ein tung jobb.

Fleire hundre naboar og sambygdingar kom til staden (foto: Jostein O. Mo)
engesetfonna_1979_foto_jostein_o_mo_13-1
Ein tung jobb (foto: Jostein O. Mo) 
Mange ville hjelpe (foto: Jostein O. Mo)

Fleire var sakna. Ei jente (6), ein gut (8) og ei kvinne (24) frå to familar vart funne omkomne, den siste etter 14 timar søk. 

Sterke skildringar

Du kan lese meir om søket og dei menneskelege opplevingane i Møre-Nytt og Sunnmørsposten som begge hadde kvar sin fotograf på staden. Begge avisene har intervju med augevitne på staden og familiar til skredoffera, samt fleire opplysningar om andre hendingar desse februardagane.  

Vi har lagt inn lenker til reportasjane (bak betalingsmur) nedanfor faksimilen frå Møre-Nytt.

To månader seinare

Fotografen var tilbake på staden to månader seinare. Då låg det framleis store skredmassar att i terrenget, og skadane var godt synlege.

To månader etter skredet var det framleis store skredavsetjngar att på Engeset (foto: Jostein O. Mo)
To månader etter skredet var det framleis store skredavsetjngar att på Engeset (foto: Jostein O. Mo)

Engesetfonna i Nasjonal skreddatabase

I Nasjonal skreddatabase på skrednett.no har offentlege og private brukarar samla opplysningar frå fleire tusen skred i Norge. Her kan du finne informasjon om fleire av skredhendingane på Nordvestlandet denne tida.   

Historikar Astor Furseth har på skrednett.no skrive følgjande om Engesetfonna denne dagen (klikk ev. på link og punktet på Engeset):

Etter snøver i desember 1978 vart det fleire veker med sterk kulde. Mange stader vart snøen omdanna (til) skare. I byrjinga av februar kom fleire dagar med nordleg vind og sterkt snøfall. 9. og 10 februar gjekk det fleire snøskred i Ørsta. Om morgonen fredag 9. februar vart ein brøytebil teken av eit skred. Natt til laurdag 10. februar vart ei trakkemaskin med to mann teken på Bondalseidet, men dei vart redda ut. Klokka 07.45 den 10. februar kom så snøskred mot dei øvste husa på Engeset (Vallabøen), 1 km frå Ørsta sentrum. Ni bustadhus vart råka og meir eller mindre knuste. Nede på flata var fonna (avsetningane) om lag 150 meter brei, og 300-500 meter lang. Eit svært omfattande redningsarbeid vart sett i gang. Mellom 800 og 1000 personar tok del i leitearbeidet. På det meste grov 500 personar i dei 4-5 meter høge snømassane. Redningsarbeidet var vanskeleg, då det låg mykje bygningsrestar i snøen. Etter 14 timar vart den siste av dei omkomne funnen. Engesetfonna var i røynda to store mjellsnøfonner (tørre flakskred) som losna om lag samstundes øvst i fjellsidene mellom Engesethornet, Kyrkjetinden og Saudhornet, og kom ned gjennom det same gjelet. Brotkanten var ca. 1000 meter lang og truleg nærmare 2 meter høg. Skredforskarar har rekna snømengda til 500 000 m³. Tre miste livet (ei jente 6 år, ein gut på 8 år og ei kvinne på 24 år). I alt 14 personar vart tekne av skredet, og fleire av desse vart skadde, 5 med alvorlege skadar. Det kom til store materielle skadar over eit nokså stort område. Det gjekk ras mange stader denne dagen, og 2-300 menneske vart evakuerte i Ørsta-Hjørundfjordområdet. Det vart etterpå bygd skredsikring på Engeset.

Vêr og skredaktivitet

Vinteren 1979 var krevjande med kulde tidleg på vinteren, og mykje snø den siste veka før skredet.

Diagrammet nedanfor er eit forsøk på å estimere nysnømengder og temperaturar basert på interpolerte historiske data for Ørsta i 1979 i ei tenkt høgde på 950 moh. Denne interpolasjonen er gjort i temperatur- og snøkartmodellar utvikla av NVE og Met. inst (for bl.a. xgeo.no). Det var få målepunkt på den tida, så det er ei rekkje feilkjelder til stades i diagrammet. T.d. var det langt frå Saudehornet til næraste stasjon. Og snødybden er ikkje reell, men estimert ut frå nedbør og temperatur. Vindtransportert snø er dermed ikkje medrekna. Like fullt viser modellen at det var store snømengder den siste veka før skredet, og at temperaturen var låg lenge i forkant, særleg rundt årsskiftet 78/79.

Estimerte snømengder på høgda 950 moh basert på nærliggande nedbørs- og temperaturstasjonar (kilde: xgeo.no)

Opplysningar om vêr, snødekke og andre skredhendingar kan du sjølv finne på t.d. på xgeo, slik vi har vist nedanfor (eller ved å klikke på denne lenka).

Engesetfonna i fagrapportar

Vi har ikkje oversikt over alle rapportane som er skrivne om Engesetfonna, eller påfølgande prosjektering, sikring og faresonekatlegging. Her må lesarane gjerne hjelpe oss på sporet. Men i NVE-rapport 23/2015 om skredfarekartlegging i Ørsta  kommune, som er skriven av Asplan Viak og utgitt av NVE, heiter det mellom anna: (…) Storleiken på skredet som løusna 10. februar 1979 frå Saudehornet og Kyrkjetinden var eksepsjonelt. Brotkanten var opptil 2,5 m høg, og fleire utløysingsområder var aktive omtrent samtidig. Skredet sin lengde var omtrent 2000 m og alfa-vinkelen var 19°. Skredet traff fleire hus og fleire menneske omkom. Det er no sett opp sikringstiltak ovanfor bustadane ved Engeset for å stoppe tilsvarande skred (…).

Andre kjelder

  • NRK Viten og vilje 19. april 2018 (kort klipp frå 22:04)
  • «Fonnulukkene i 1979» skrive av Magne Ivar Sætre i 1992 som femtiårsskrift for Ørsta Røde Kors